Dekka framme på bilen var heilt utslitt, så eg for til Alversund etter jobb for å få på nye. Etter at det var gjort, hadde eg akkurat tid til ein liten svipp innom Samrawith for å høyre om Lulya vil være med oss på leir om to veker. Fekk halde vesle Mathias litt, og fekk ein god kopp varm te.
Køyrde så til Danielsen for å hente jentene. Vi plukka med oss Sara Helen i Knarvik. Miriam hadde speletimen med henne i dag. Maria vart verande der etterpå. Miriam og eg for heim, fekk så vidt tid til å lage og ete litt middag før det bar ut att på fotballtrening - i øse-pøs-regn!! Berre ni møtte fram! Men det hadde visst vore kjekt :)
Vi plukka med oss Maria på veg heim att.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar