I dag har Olav pust vidare på kjellarmuren.
Ettermiddagstur ut på fjorden for å sjå til krabbeteinen. Blå himmel og heilt stille på fjorden. Berre så utruleg vakkert!! |
Her er resultatet: Ein stor krabbe. Det vert det deileg kvelds av! |
Eg hadde eit stort stykke bacon som måtte brukast opp. Dermed vart det bacon og løkpai - igjen. Hadde sist laurdag, og det var berre så utruleg godt. Oppskrifta finn du her: https://www.google.no/#newwindow=1&q=bacon+oppskrift+pai+l%C3%B8k Vel verdt å prøva! Miriam hjalp til med å gjer ferdig sidan Olav og eg skulle i båten for å sjå etter krabbane. Maria og Miriam har vore med farmor på beitene i dag og tatt ned strømgjerdet. Kjekt arbeid for dei å gjera i lag. Miriam var òg med i fjøset i ettermiddag og gav kalvane mjølk. Etterpå rydda Maria ferdig boden medan Miriam laga ferdig middagen og rydda kjøkkenet.
Slik såg det ut etter rydding. Flott!
Takk Maria, for god hjelp!!
Lady byrjar å verta rund og god. Det vert spennande å sjå kor mange valpar det vert.
Reknar med at det skjer i månadskifte oktober/november.
I kveld fekk me tatt saman og heim alle strømnøtene som stod langs vegen.
Her er Miriam på veg heim med børa under armen.
Nå er jentene køyrd til Leknes på ungdomsmøte. Sjølv skal eg teikna ferdig bunadsmønstra i kveld.
Koser meg med det medan eg høyrer på ein biteltime på nettet.
På denne sida finn du MANGE gode bibeltimar:
... så vert det krabbekos på oss når Olav er ferdig i fjøsen :)
|