søndag 27. oktober 2013

Kortlaging hos Annlaug 25.

I dag har eg fått vore heime og arbeidd. Etter alt utearbeidet med kjellarmurane, har det hopa seg opp kollosalt med klær som treng ein vask. Så i dag har maskinen gått i eitt!!

Miriam starta i dag med gym i Nordhordladshallen. Der er dei i dei tre siste timane. Dermed kunne ho i dag ta ein buss heim som går litt tidlegare. Ho fekk akkurat tid til å lufte Lady litt før me gjekk i bilen og køyrde for å hente Maria. Deretter var det rett til Annlaug for å lage kort.

Det er alltid så kjekt å komme til Annlaug. Ho hadde laga til middag til oss: Indisk suppe med kjøttboller og kvitlauksbaguettar. Nydeleg.

No har ho flytta hobbyrommet sitt til kjellarstova. Der stod stativa ho fekk av meg så flott. Kjekt å sjå at dei var tekne i bruk!

Miriam brukte all tida si på eit einaste kort, - men så vart det fint òg. Eg fekk laga til omlag 30 julekort. Det vil sei - utsida. Må jo skrive julehelsinga og laga til bilete.... Ein ellera annan gong.... Maria laga 3 kort.

Og Annlaug sat og strikka og gjekk oss til hånde.

Asbjørn hadde fått beskjed om å kjøpe med litt snack til oss, - så vi fekk både chips, sjokolade og brus til å styrke oss på i arbeidet. Her er vi akkkurat ferdige med å rydde etter oss.


Tusen, tusen takk Annlaug - for at du tek så godt imot oss
- og gjer desse stundene til så gode minner for jentene og meg!!

Annalug hadde ein stol som kunne trekkjast ut til seng ståande i eine kroken. Denne ville ho verta kvitt, - og akkurat noko slikt er det Maria har vore på leit etter til å ha i kroken på rommet sitt. Dermed fekk ho stol/senga med seg. Det var så vidt me fekk den inn i bilen. Setene bak måtte leggjast ned, og Miriam sat trøkt saman bak. - Men me klarta å lirka selen på henne, - så det gjekk bra. 

Me kom nesten tidsnok til møte på Eknes. Marit Stokken og Arne Pareli har møteveke denne veka. Det vart eit kjekt møte, med både song, tala og vitensbyrd. Etter møtet skulle Arne til Ostereidet for å ha andakt på fredagskafeen der. Dermed fekk eg ordna skyss til jentene med han dit - og så fekk Johanne sitje på meg deg heim. 

Sidan Olav ikkje hadde fått middag, fekk han resten av krabben til kvelds. Me fekk oss ei hyggeleg stund ved kjøkkenbordet - han med krabben og eg med litt chips - før eg måtte av stad for å hente jentene att. 

Ein travel, men svært flott dag!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar