Maria har arbeidd inne i dag, - koka graut - som vart heilt perfekt!! - og rydda litt. Ho var ikkje heilt i form.
No har Miriam og eg gjort heilt klart valperommet. Hammocken er boren inn, matspannet står på plass, og vi har hengt opp både varmelampe og lysrøyr. Så no er det berre å vente. Håper ho får dei før me skal på leir enste helg.
Køyrde Johanne ned til bedehuset til kl. 17.00. Ho skulle hjelpe til med å lage alt klart. 6 fat med mat hadde ho laga til. Litt vemodig at huset skal seljast, - men dei fleste av oss ser at det er nødvendig. Vi får håpe og be om at huset må verta tatt vare på vidare av nokon som kan bruka det til å fremje Guds rike.
Det var fullt hus på bedehuset. Kjekt å få ei så flott avslutning. Marit Stokken og Arne Pareli var med. Marit hadde hatt sitt aller føste møte her på Eikanger bedehus - då ho byrja som evangelist.
Maria prøver vinnerlukka.
Gunnvor i kjent posisjon me bøtta på kanten.
Eg har ansvar for loddbøkene. Her sit eg saman med Arne og Marit.
Kjekt å få snakka med dei begge, og spesielt kjekt å få møta Marit att.
Dei song godt i lag. Marit ville stemme gitaren etter pianoet, men Arne meinte det ikkje var nødvendig for pianoet var så ustemt at dersom gitaren òg var ustemt så ville dei passe betra saman:)
Miriam er så vant til ikkje å vinne noko, så ho følgde ikkje særleg godt med på årene sine. Det BURDE ho ha gjort for å unngå oppmerksomhet etter at eit nummer vart ropt opp mange gonger. Ho lurte faktisk på kven det var som ikkje klarte å fylje med på tala sine, - og så var det ho sjølv!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar