søndag 27. oktober 2013

Bilen på service i Åsane 18.

Køyrde jentene til skulen i dag. Etterpå bar det vidare til Åsane - på service med bilen på Frydenbø. Eg gjekk bort på MacDonalds og sat meg. Då var klokka litt over 9. Prøvde meg på ein Mac-frukost. God kakao. Burgeren med egg og bacon var så liten at det var mest ikkje meir enn ein munnful - men godt likevel. Sat der og fekk gjort litt skulearbeid. Gjekk på senteret og såg etter julegåver. Fekk kjøpt til dei vaksne på Jæren. Ikke verst det!

Innom Felleskjøpet på veg attende. Der fekk eg tak i endå ein julegåve. Seier ikkje meir!!
Kalvemjøl, spenesåpe og hundemat fekk òg plass i bilen. Kom til Frekhaug akkurat då jentene var ferdig på skulen.

Vel heime var det full fart i arbeid att.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar