tirsdag 19. november 2013

Perlekos...


Kva me damene i huset held på med ein søndagskveld? 
Tja... Kanskje vi koser oss med å lage figurar av perler?

Hadde funne dei fram til veslejenta som var på besøk hos oss tidlegare på dagen, 
men det var så kjekt at vi vart sitjande med det etter at dei var gått òg:)

Miriam sitt monster. Legg merke til dei store øyrene og skjegget!

Bilbanebygging

Søndag fekk me besøk av familien Straume. Eg spurde ungane dei om dei kunne tenkje seg å setje i saman bilbanen som har stått ubrukt på bedehuset i nokre år no, - for å sjå om den framleis verka. Det ville dei. Olav køyrde ned og henta den, og her er dei ivrig i gong med byggjinga.


Dessverre gjekk det ikkje så bra med køyringa. Den virka, men skinnene må nok pussast iltt med stålull for å få skikkeleg kontakt.


Miriam hadde baka NYYYDELEGE vaniljeboller til kaffimaten. 
Dei var berre heilt fantastisk gode!! Du er flink Miriam!!!