lørdag 16. november 2013

Dugnad på bedehuset


Så var altså bedehuset solgt - til ein kunstnar i byen. Det vert spennande å sjå korleis det vert. Men før ho kan overta må alt ut som skal bort, - så i dag var KRIO (KRisten I Osterfjorden) kalla inn til dugnad. Olav var med. 3 piano har han vore med å flytta, og mykje anna. 

Her er Oddvar Fyllingsnes - formann gjennom mange år. Han fann ei melodibok eg kunne få. 


Her kjem Dag Haarklau opp med alt som var i safen. Det ver Oddvar si oppgåve å sjå gjennom kva som skal takast vare på og ikkje. Han fann eit gamalt telegram med ei helsing til ein jubilant.



Juletreet (i plast), biljardbord, spel, kokeplate og diverse anna på veg til Eknes bedehus. 
God med alt som kan nyttast der. 


STOR rydding og vask av Hobbyrommet!!


To dagar tok det å rydde og vaske hobbyrommet. Det såg rett og slett ikkje ut før eg starta. Skulle jo hatt både før og etter bileter, men eg gløyde å ta før eg starta. Vel, - her er iallfall slik det ser ut no når det er ferdig. Det store spørsmålet er kor lenge det vert sjåande slik ut??


Ryddig og fint!



I skrinet til høgre er det alt slags små dubeditter til kortlaginga. I boksen til venstre er alle perlene.

I skuffeskrinet til venstre er alle snorene. Og så er dei ulike skjæreplatene/ kuttarane her. 

Denne settekasse kjøpte eg i ungdomen. Kjekt å ha den i bruk enda. 
Og greit med krokar til å henge opp ting slik at dei er lett synlege. 

Denne leikekassen stod eigentleg under borde på førre bilete, - med berre 3 boksar i. Etter å ha leita hos farmor, på løa, i boden, vaskrommet og rundt om kring elles, så har eg klart å finne 10 boksar. 
Her er alle stempla sortert: Julestempel, blomster og blader, dyr osv. Og stempelputer i ein for seg sjølv. 

Dette stativet fekk eg rimeleg då dei avslutta den kristne bokhandelen på Frekhaug. 
Greit å ha alle gåvepapira på ein stad.

Den store arkhylla fekk eg òg kjøpt der. Endeleg har den kome i hus. Den har stått ute i fleire månadar, men no er den altså på plass. Jentene skal sjølv få sortere alle papira i den. No har eg berre stua inn... 

Den gamle kommoden frå IKEA er grei å ha. Mykje kom på plass att i den.

 Berre å vakse ovnen og rundt denne var storarbeid!

Endeleg har eg fått syplassen min att! Symaskinen har ikkje vore i bruk dei siste par åra, men etter å ha hatt den på service går den som ei klokke att! Og jentene har fått grei beskjed: DETTE ER MITT BORD!!

Hylla over fekk eg tak i på Fretex i Åsane. Kjekk sak :)


TOMMELEN OPP! No er eg fornøgd med meg sjølv!


Husvask - UTVENDIG

Olav har tatt bort terasseborda på verandaen utom loftstova. Skal leggje nye bord og nye skuffer under - slik at det vert heilt tett. Bjelkene var heilt grodd av grønske, så det vart min jobb å vaske dei. Men kva såpe skal ein bruke? Eg valde rett og slett Wanich spray, - og det virka veldig bra. Spaye, koste, syple, og vips så er grønska borte. Vel - noko VIPS var det ikkje



Greitt å ha stillas å stå på til slikt arbeid :)



Då den jobben var gjort, berre MÅTTE eg til litt på husveggen mot aust. På nokre veker har det grodd så mykje grønske på den at det ser heilt forferdeleg ut. Fekk tatt ein del, men det var ein ganske kald fornøyelse. Spray, skrubb og spyl, med jakka bretta opp til over albuane for å unngå at vatnet skulle renne inn på armane. Kaldt, kaldt, kaldt, - men likevel verdt det med tanke på jobben som vart gjort. Håper eg får tatt litt meir i neset veke. 

Her kan de sjå skilje mellom vaska og ikkje vaska.... Ikkje særleg fin vegg nei!




Ny tilhengjar

Så var endeleg ny tilhengjar kjøpt og på plass. Olav har snakka lenge om å kjøpa seg ein ny litt større tilhengjar. På denne er hjula plassert under, slik at det går an å leggje ned sidekarmane. Det gjekk ikkje på den forrige. Denne har òg feste på innsida av hengjaren, bøyler på toppen og presenning. Dessutan er den lengre... 


Førkonsert med Kløveheim- og Knarvik skulekorps

Torsdag vart det øving i Knarvik. Etter øving var det konsert saman med Knarvik. Begge skal spele på festival i helga; Kløvheim på Sotrafestivalen i 2.divison, og Knarvik på Mangerfestivalen i 1.divisjon. Alle elevane i 7. klasse var invitert til å koma. Dei som møtte opp vil få fri musikktimen neste torsdag - i siste time. 9 av 10 jenter og 3 av 13 gutar møtte opp. 

Det gjekk ikkje så heilt bra med framføringa i dag, - men det er eigentleg like greitt, - for då veit kvar og ein kva dei må heim og øve litt ekstra på til laurdagen. Eg tykte no at dei var flinke :) 


Her er nokre av 7.klasse jentene. Dei tykte det var kjekt å høyra på.