torsdag 14. november 2013

Farsdagsfeiring

Maria og eg var på Kløvheim frå kl. 10.00 - 15.40. Maria øvde med korpset, og eg var på kjøkkenet og laga mat. Det var gryterett med salat og baguetter på menyen.

Miriam stod på kjøkkenet og prøvde seg på pannekakesteiking då me kom heim. Med litt for lite varme på panna gjekk det ikkje så bra. Det var mammo som måtte trå til og få dreis på sakene. Medan eg stod i pannekakeosen, kom farmor og onkel Asle.

Eg hadde kjøpt med meg kaker frå misjonsmessa i går, - tre ulike sortar på eit fat. Og så hadde eg kjøpt marsipankake. Og med varme pannekaker i tillegg så vart det ei lita feststund. Tina kom akkurat i tide til me skulle byrja å ete.



Det var så travelt heile dagen, at eg fekk ikkje tid til å finna fram farsdagsgåva før seint på kveld. Den hadde stått lagra hos Johanne. Eg gjekk ned og fekk drassa den med meg opp til huset. Pakka den ut og monterte den før eg henta Olav ut. 

Håper det vert ein ting som vert brukt, og ikkje berre ein ny "Kjekt å ha" ting som vert stua vekk. Førebels er det berre meldt regn, så dei første dagane vert nok ikkje så aktuelle.....

Lady til dyrlegen


Vi gjekk så lenge og venta på at Lady skulle få kvalpar. Vi las på internett, og fann ut at oppførselen hennar stemte med slik det skulle vera like før valping: åt lite og ingen ting mat, grov i bakken - for å lage rede. Var uroleg og klynkete. Ho var ikkje så stor, men vi rekna med at det kanskje var ein eller to valpar sidan ho hadde litt mage, og laga seg til med litt mjølk. På nettet las me òg at det kunne gå ei veke over tida dersom tispa hadde få kvalpar. 

På dag 70 tok me henne til dyrlege. Då hadde ho nesten ikkje ete eller drukke på ei heil veke. Røntgen viste at det ikkje var kvalpar i henne, men at det var mogleg det var noko anna i livmora. Ultralyd bekrefta at det var veske i livmora. Dette måtte ut. 

Dyrlegen anbefalte operasjon - til 10 000kr. Då sa mor i huset nei. Medisinering vil koma på bortimot 4 000, - men då med fare for at det kan koma att. 

Me vart einige om at det fekk verta medisinering denne gongen - og håp om at ho etterpå vil halda seg frisk. Ho fekk 3 sprøyter av dyrlegen. Antibiotikakur og smertestillande måtte eg kjøpa på resept på apoteket. Deretter måtte me ta med Lady torsdag og fredag òg til dyrlegen for å få sprøyte. Eg fekk med 4 sprøyter heim som me måtte setje sjølv heime. Alt dette for at livmora skulle opne seg og sleppe ut det som var inni - deretter lukke seg att, og antibiotika for å hindre infeksjon. 

Vel. No er prsessen snart slutt. Har berre eit par dagar att med antibiotika. Ho vart skrekkeleg kvalm etter sprøytene, men er ellers sprek og fin no. Får håpe det varer. 


Fotballtrening med Calle og Hassan!


NBK 2000 jenter vann ei trening med Calle og Hassan. 
Treninga fann stad i Nordhordlands hallen 4. november 2013. Det var stor stas!


Calle instruerer

Trenarane i samtale med Strilen-journalist


Miriam i duell med Hassan.



Heading



Ein liten pust i bakken etter intens trening.



 Calle viser og forklarer.




Arne Kleivdal til venstre, og Bjørn Brunborg til høgre; jentene sine fantastiske trenarar!!