Olav skulle eigentleg ha vore på julebord/møte med valnemda i Tine i dag, men det var så mange som ikkje kunne. Dermed valde dei å ta det som telefonmøte i staden. Sian Olav skulle bort, tenkte farmor at vi damene skulle få kome til middag til henne. (Olav vart òg invitert då ho fekk vite at han ikkje skulle bort likevel...)
På menyen var det skikkelege, heimelaga kjøttkaker med MYKJE godt tilbehør.
LEKKERT blomkål m. pynt! Er eigentleg ikkje så begeistra for blomkål,
men når det vart servert så flott som dette berre MÅTTE eg ha meg ein bit.
Kelneren passer på at alle får det dei vil ha!!
Dette var godt. (5 kjøttkaker fann vegen til Maria sin tallerken - og vidare.....)
"No er eg berre heilt SJUKT mett!"
Farmor lurte på om dei ville ha is eller riskrem etter middagen.
"Ja takk, begge deler," var Maria sitt kontante svar, men etter å ha slitt
med å få i seg kroneisen var det definitivt ikkje plass til meir.
TUSEN - TUSEN takk for DEILEG mat kjære Johanne!!