Etter frukost og andakt gjorde vi oss klar til å dra på formiddagsmøte på Eknes. Det var Marit som hadde talen i dag. Mykje folk hadde møtt opp i dag òg. Vi åt litt kaffimat før vi for heim att.
Miriam skifta i full fart, - og så var det av stad att til Knarvik og sesongens siste fotballkamp. Eg tok meg ein tur på skulen for å skrive ut planane til neste veke. Skreiv litt på bloggen òg. Kampen skulle byrja kl. 14.30, - så eg gjorde meg klar til å være der og sjå siste omgang. Det hadde blitt ei endring, så kampen hadde byrja kl. 14.00. Dermed var dei akkurat ferdige då eg kom. Miriam hadde spela mest heile tida, og gjort ein særleg god innsats i andre omgang. Ho var litt skuffa over at eg ikkje hadde vore der. Ei trøys var det at dei vann 2-1 og at me feira med å kjøpe Cola og litt snop.
Medan eg var på skulen kom det nokre elevar og banka på døra. Dei fekk låne klassen sin fotball for å spele litt i ballbanen medan eg var der. Då eg skulle gå vart dei med meg opp på banen for å heie på laget. "Lykke til," ropa dei til Miriam då me kom fram. "Me er ferdige," svara ho tilbake.
På veg heim stoppa me ved hytta til Martha og Eivind og prata litt med dei. Spurde om det var mogeleg å låne hytta til overnatting i samband med konfirjasjonen til Maria dersom det vert behov for det. Skal innom med nokre kassar ho kan ha under senga - til å lagre saft og syltetøy i som dei har ståande på hytta over vinteren.
Olav og Maria hadde gått for å ta seg ein tur. Maria kom ikkje lenger enn til fam. Nordanger. Olav vart ståande der litt og prate med Ingmar, og Maria vart invitert inn til Ingrid. Der vart ho verande ei god stund. Olav gjekk til bensinstasjonen og heim att med Lady.
Eg hjalp Maria med å få den nye stol/senga si inn på rommet. Det vart riktig så flott!
Maria koser seg med å ordne det fint til på rommet sitt.
I dag bestemte eg meg for at nå berre må eg kaste eit sengesett eg har arva etter mormor. Veldig, veldig vemodig, - men det har kome store rifter i begge dynetrekka, og stoffet er så utslitt at det nytter ikkje å sy det saman. Det skjer meg i hjarta å kasta dei. Det er rart med det, nokon ting er det knytta så mange kjensler til, og då er det ikkje så lett....
Miriam har vore litt i hobbyrommet og laga kort. Eg har laga vannbakkelse åleine - og FÅTT DET TIL - for fyrste gong!! Det var KJEMPEGODT!! Me berre måtte smaka på nokre med det same, - men dei fleste hadde me til dessert etter middagen. Det vart sein middag. Klokka var nesten åtte då me sette oss til bords, - men riktig eit festmåltid vart det: Indrefilè av gris, med nypoteter, bernaisesaus og grønsaker - og med vannbakkels med krem til dessert!
No sit jentene på loftet og ser på film på dataen, Olav ser på tysk TV, og eg skriv blogg, - altså er vi engasjert med kvar vår dubeditt! Slik har det blitt...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar