Miriam og eg hadde oss ein tur på sjøen for å sjå etter krabbe. No har vi berre to teiner uti, og i den eine var det ein skikkeleg stor ein. Til tross for at været var litt ruskete, var det flott å være på sjøen.
Maria for på speling, Olav og Miriam gjekk i fjøset, og eg fekk ha huset HEILT FOR MEG SJØLV LITT!! Fantastisk - sjølv om eg måtte arbeide litt. Eg gjekk ut får å ta vasken og å gje silofor - slik at Olav kunne gå på årsmøte til korpset.
Då han kom heim fekk han nykokt krabbe å kose seg med.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar