Jentene sat på meg meg heim etter skulen. Etter å ha slappa av bitte litt - rydda kjøkkenet og laga middag - var det ut att med Maria og meg. I kveld var det elev/foreldre kveld på Danielsen for 9.klasse. Det vart ein kjekk kveld.
Vi trakk lappar med eit nummer på. Deretter gjekk vi til bordet med same nr. Dermed vart vi 4 rundt eit bord. Der var det ein kopp med spørsmål - som elevane hadde laga - som vi skulle stille til kvarandre. Då me var ferdige reiste me oss opp og stod i ro til alle hadde reist seg. Då gjekk me rundt og byta nr.lappen me hadde minst tre gonger - og fann oss eit nytt bord å setje oss ved. Veldig kjekt, - med mange gøyale spørsmål.
Miriam hadde ei god ryddeøkt i huset - særleg 1.etg. Ho vart òg med Olav i fjøset.
Vel heime att var det på ny å gjer bilen rein. Litt grundigare denne gongen sidan den skal på service i morgon. Det stod så mykje i vegen hos oss (utstyr til pussinga) at eg køyrde bilen ned til svigers og fekk støvsugd den der. Det trongs!!
Såg på "I kveld med Ylvis" med jentene etterpå. Har ikkje sett på TV på mange veker no, så det var litt greitt å slappe av litt på den måten òg.