onsdag 9. oktober 2013

Onsdag 09.

Dette gjekk jo bra. Så prøver eg ein gong til. Denne gangen vert det berre tekst.

I dag har eg fått klipt 3 kyr. Grei jobb. Rett og slett avslappande. Ingen som krev noko av meg. Det er berre å være der og å gjere jobben. Slutten var litt kip. Skulle klippe bort ein del pels på baksida av juret. Holdt venstre handa oppå kua. Bøyde meg framover og klippa med maskinen med venstre. Plutseleg får eg ei varm stråle rett i nakken. DET var ikkje særleg kjekt! Ryddinga gjekk unna i raserfart, - og så full fart i dusjen.

Køyrde Miriam til pianospeling hos Sara Helen. Fortalde henne i bilen om episoden med kua. Miriam si trøyst var følgande: "Det kunne jo gått verre mamma!" Vel. DET alternativet er ikkje til å tenke på ein gong!!

Fekk meg ein god drøs med Liv Iren på kjøkkenet og såg på at ho laga ein BRÅTE med skillingsboller. Imponerande. Fekk også prøvd meg på tennins med Simon. Sjølv om eg leda ganske bra i starten - så slo han meg 2 - 0. Kipt! (som ungdomen i huset seier det...) Gratulerer til heile familien med nytt tennisbord i kjellerstova. Fantastisk ungdomsmagnet.

Vel heime att fekk eg rydda i uteboden. Maria skulle være med og ta bort katteskitt. Plutseleg oppdaga ho ei død mus. Då vart det slutt på det oppdraget. Ho meiner sjølv at ho har arva museksrekken etter farmor. Eg sa ingen ting om dei 7 andre daude musene som eg kasta bort. Greit med katt som tek mus, - men rart at han ikkje et dei. Får vurdere om kattematen må rasjonerast litt meir...

Ellers har jentene hjulpet til med litt forskjelleg. Maria hjalp til med å brenne ein del papp og papir som hadde hopa seg opp i bod og garsje, bære inn alle hagestolane, og bære ned alle strømpålane som stod att her oppe med huset.

Miriam har gjort ferdig "valperommet." Vi har eit rom i fjøset som vi har laga til til Lady. Om nokre få veker får ho sitt tredje valpekull - og dermed siste!! I rommet har vi vaska og lagt ut gummimatter. Laga til ein kasse med saueskinn og ein kasse med sand, - så no er det berre å vente...

Olav fekk byrja på pussinga av kjellermuren i dag. Eg fekk òg prøvd meg - for første gang - på det arbeidet. Olav syntest ikkje deg gjekk så bra med meg i starten, så han tilbaud seg å gjera jobben sjølv, men eg meinte at eg måtte berre få tid til å øva meg - så skulle det nok gå. Og det gjorde det heldigvis. Gøy å få prøve seg på noko nytt.

Ikkje like gøy med hovudverken til Olav. Den slo til for fullt i dag.

Eg tok fjøsstellet i kveld slik at Olav fekk pussa ferdig murveggen vi hadde byrja på. Kjekt å stelle med dyra - særleg når eg ikkje må gjer det kvar dag.

Olav køyrde jentene til Leknes. Det er møteveke der. Etter fjøsstell og dusjing reiste eg òg bort. Fekk akkurat med meg siste songen. Tenkte eg skulle få med meg jentene heim, - men den gong ei. Først var det kveldsmat (fantastisk tillaga med MASSE godt). Etterpå vart dei invitert med heim til Tina på filmkveld. Og det er jo ferie. Jentene vart køyrd bort til Tina - saman med ein heil gjeng, - og eg heim og prøve meg på å lage BLOGG. Og dette vart altså resultatet!