søndag 27. oktober 2013

Gudsteneste og konsert m. Knarvik skulekorps 20.

Me var først på gudsteneste i Ostereidet kyrkje. Farmor vart òg med. Det var første gudstenesta hennar utan farfar.

Den var ein frå NLA som hadde gudstenesta i dag. Etterpå var det ned på kyrkjekaffi.

Miriam fekk sitja på over fjorden med båten til Helge og co, - så då slapp eg unna med å hente henne på Leknes kaien. Det var flott på fjorden. Ho hadde hatt det fantastiskt kjekt på leir, og kom trøytt heim att. (Noko anna var forresten ikkje å vente....)

Knarvik skulekorps skulle ha ei oppsyning i dag der dei skulle spela ulike Disney-songar. Maria hadde så lyst til å gå på det, så eg køyrde henne bort. Eg vart òg med inn i aulaen på ungdomsskulen for å høyre på. Vi kom litt seint, så vi gjekk inn heilt bak - oppe. Der sat Liv Iren og Sara Helen òg, så då fekk me kjekt lag med dei.

Hei etterpå og laga pizza. Det hadde me ikkje i går, så då måtte det til i dag:) Roleg kveld ellers heime med oss sjølv.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar