tirsdag 31. desember 2013

des 15

Tekst og bilete kjem

des 14

Tekst og bilete kjem

des 13

Tekst og bilete kjem

des 12

Tekst og bilete kjem

des 11

Tekst og bilete kjem

des 10

Tekst og bilete kjem

des 9

Tekst og bilete kjem

des 8

Tekst og bilete kjem

des 7

Tekst og bilete kjem

des 6

Tekst og bilete kjem

des 5

Tekst og bilete kjem

des 4

Tekst og bilete kjem

des 3

Tekst og bilete kjem

des 3

Tekst og bilete kjem

des 2

Tekst og bilete kjem

des 1

Tekst og bilete kjem

lørdag 7. desember 2013

Kvitt og vakkert


Det var vakkert ute i dag.
 Bileta er tatt tidleg på ettermiddagen. 



Allereie i morgon - søndag - er det meldt regn att. 
Hadde vore kjekt å fått hatt det kvitt og fint til over jul no, - men ikkje enno....




Nytt brøyteskjær

Etter å ha tenkt i lange tider at vi skulle hatt oss eit nytt brøyteskjær,
så er det no endeleg på plass. Jobben vert no gjort på langt under halve tida.
 Kjekk sak!

  



Ein fornøgd kar!


Manuell brøyting føregår også. Her er farmor i aksjon med fjøstrappa.

Gode arbeidskrefter trår til!!



 Lady har overoppsynet!



Nytt lass ved

Det ser alltid så mykje ut når eg skal starte på 
å få eit heilt tilhengjarlass med ved på plass i sekkar....



Men plutseleg er jobben gjort... 34 sekker denne gongen.  Ikea sekkar er greie til å ha ved i.
 Akkurat passe store til at ein klarer å bære ein full sekk, og lett å stable. 


fredag 6. desember 2013

Miriam med briller :)


Ja, no ser eg bra (ut!)


... eller....


hmmmm.....

Båten heim - i TIDE!

Onsdager har eg fritime i 3. time, - og denne dagen - 4.november - såg me på vermeldiga at det skulle verta så mildt at mest sannsyleg vart vegane bare slik at det gjekk ann å køyre traktoren ned for å dra opp båten, - utan å måtte bruke kjetting. For å nytta oss av floa, køyrde eg heim i fritimen. Olav kom med traktor og hengar, bensin og nøkkel. Eg uti båten, og fekk den bort til "oppdragings-plassen." Det gjekk veldig greitt å få den opp og på plass.  



Eg køyrde - som vanleg - bak, for å sjå etter at turen heim gjekk bra.
 Like etter at me hadde kome heim kom det ei skikkeleg haglbyge, 
og sidan har vêret berre vorte verre og verre. 

Etter å ha sett både båt og traktor og førar vel heim,
 var det berre å snu i tunet og koma seg attende til neste jobb. 

Middag hos farmor

Olav skulle eigentleg ha vore på julebord/møte med valnemda i Tine i dag, men det var så mange som ikkje kunne. Dermed valde dei å ta det som telefonmøte i staden. Sian Olav skulle bort, tenkte farmor at vi damene skulle få kome til middag til henne. (Olav vart òg invitert då ho fekk vite at han ikkje skulle bort likevel...)


På menyen var det skikkelege, heimelaga kjøttkaker med MYKJE godt tilbehør. 

LEKKERT blomkål m. pynt! Er eigentleg ikkje så begeistra for blomkål, 
men når det vart servert så flott som dette berre MÅTTE eg ha meg ein bit. 


Kelneren passer på at alle får det dei vil ha!!


Dette var godt. (5 kjøttkaker fann vegen til Maria sin tallerken - og vidare.....)

"No er eg berre heilt SJUKT mett!"

Farmor lurte på om dei ville ha is eller riskrem etter middagen. 
"Ja takk, begge deler," var Maria sitt kontante svar, men etter å ha slitt 
med å få i seg kroneisen var det definitivt ikkje plass til meir. 

TUSEN - TUSEN takk for DEILEG mat kjære Johanne!!

Etter tentamen - klasserommet mitt....


I dag - torsdag 5. november, har både Maria og Miriam hatt mattetentamen. Miriam var ferdig først, og kom bort til meg i klasserommet - saman med ei venninne. Der kosa me oss med den gode nistematen eg hadde laga til, og som ho ikkje hadde fått tid til å ete under prøven. Etterpå såg me på "Jul i svingen" på storskjerm medan me venta på Maria. 

"Klasserommet er så useriøst," sa Miriam. Det skulle visst være eit positivt kompliment, som sikta til at det ikkje såg ut så mykje som eit klasserom - med dei sprø gardina, pepperkakehjarter på veggen, gullfisk på bordet, juleduk, adventssterner, gode stolar ..... Synest me har det heilt topp eg!

Maria kom rett etter at "Jul i svingen" hadde tona ut. Iskald på hendene ho òg. Eg tykte dei hadde gått alt for tidleg frå prøven, men dei meinte sjølv at dei hadde gjort alt dei kunne, og sett godt over etterpå. Så då får vi håpe det går så bra som det kunne gå.

Under bordet står det ei raud korg full av kongler. 
Dei skal vi lage krans av etter at konglene har fått tørka skikkeleg. 



Gullfisker

Torsdag 28.november kom det to nye elever inn i klassen min - to gullfisker! Etter avtale med foreldra fekk elevane lov til å bruke 30kr kvar på innkjøp av to fisker, ein plante og litt mat. Forslag til navn var: Blipp og Blopp (mitt forslag), Kjelli og Gulli, Siv og Merethe (Miriam sitt forslag), samt Magnus og Hans Olav. Dei siste namna vann, så no har vi to fisker oppkalt etter to deltakarar i Farmen. Har ikkje sett ein einaste episode, så eg veit IKKJE kva som er så gjevt med dei, - men namn har dei no fått. Og kjekt er det å sjå på desse to vesle skapningane som sviv rundt i bolla.  



Dette er Magnus. Han er minst og mest gul.

Og her er Hans Olav. Han er meir kvit under buken, og litt småfeit!

Hurra for Susanne - 6år


Her har jentene pynta seg og gjort seg klar til bursdagsfeiring.


Kjempekjekt å få komme og feire brusdagen til Susanne
saman med heile familien. Maneg flotte gåver.





 Vakre prinsesse Susanne i ny kjole. 


Men alt kjekt har ein ende. 
Også denne gongen vart det omsider tid for å ta avskjed. 
Takk for denne gong, og så vonar me at me snart sjåast igjen. 

GRUPPEKLEM!


 Takk for at vi fikk komme i bursdagsbesøket ditt Susanne! 

Håndball, skøyter og bowling

Veldig kjekt å få sjå Andreas spele handballkamp. 
Han var KJEMPEFLINK. Skikkeleg kraft i skudda. 


Etterpå var det bort til skøytebanen. 
Helene prøvde seg på skøyter for første gong. Skikkeleg gøy!

Medan gjengen skøyta, leverte eg ifrå meg bilen til utvendig og innvendig vask. Var òg så heldig å treffe Sissel på jobb - på Princess - så eg fekk meg ein god prat med henne òg. 

Heimom etter Olav og Andreas, og så køyrde me til Bryne. 
Me var ein stor gjeng som der som prøvde oss på Bowling. 

Sjå så fine, kvite tenner vi har!



Frode var heilt klart den suverene når det gjaldt Bowling! 
Han hadde skikkeleg dreisen på det. Nokon av oss andre hadde meir flaks enn resten. 
Gøy var det iallfall. 

Etterpå fekk me ei fantastisk, smakfull indisk kyllingsuppe hos Hanne og Arvid.
 God mat og god drøs. Ei perfekt avslutning på ein svært flott dag. 

Hurra for Ingrid - 30 år

Medan me vaksne var i selskap hos Ingrid, var heile barneflokken samla i Nymyra. 
Andreas spelte på gitar. Maria og Simen prøvde seg også litt. 

 Med pizza, snacks og film hadde dei ein kjekk kveld saman. 

To glade jenter!

Til Jæren

Fredag 22.november er vi på veg til Jæren for å feire bursdager. Henta jentene på skulen kl. 11.30 - og så var vi på veg. Nydeleg solnedgang ved siste ferga. Vi tenket vi skulle være lure å køyre om Hafrsfjord isdaden for motorvegen, men det var visst ikkje så lurt. I ca 1/2 time vart vi ståande i stampe i kø. Kjedeleg! Men vi kom oss fram - i god tid før selskapet. 



tirsdag 19. november 2013

Perlekos...


Kva me damene i huset held på med ein søndagskveld? 
Tja... Kanskje vi koser oss med å lage figurar av perler?

Hadde funne dei fram til veslejenta som var på besøk hos oss tidlegare på dagen, 
men det var så kjekt at vi vart sitjande med det etter at dei var gått òg:)

Miriam sitt monster. Legg merke til dei store øyrene og skjegget!

Bilbanebygging

Søndag fekk me besøk av familien Straume. Eg spurde ungane dei om dei kunne tenkje seg å setje i saman bilbanen som har stått ubrukt på bedehuset i nokre år no, - for å sjå om den framleis verka. Det ville dei. Olav køyrde ned og henta den, og her er dei ivrig i gong med byggjinga.


Dessverre gjekk det ikkje så bra med køyringa. Den virka, men skinnene må nok pussast iltt med stålull for å få skikkeleg kontakt.


Miriam hadde baka NYYYDELEGE vaniljeboller til kaffimaten. 
Dei var berre heilt fantastisk gode!! Du er flink Miriam!!!