fredag 6. desember 2013

Etter tentamen - klasserommet mitt....


I dag - torsdag 5. november, har både Maria og Miriam hatt mattetentamen. Miriam var ferdig først, og kom bort til meg i klasserommet - saman med ei venninne. Der kosa me oss med den gode nistematen eg hadde laga til, og som ho ikkje hadde fått tid til å ete under prøven. Etterpå såg me på "Jul i svingen" på storskjerm medan me venta på Maria. 

"Klasserommet er så useriøst," sa Miriam. Det skulle visst være eit positivt kompliment, som sikta til at det ikkje såg ut så mykje som eit klasserom - med dei sprø gardina, pepperkakehjarter på veggen, gullfisk på bordet, juleduk, adventssterner, gode stolar ..... Synest me har det heilt topp eg!

Maria kom rett etter at "Jul i svingen" hadde tona ut. Iskald på hendene ho òg. Eg tykte dei hadde gått alt for tidleg frå prøven, men dei meinte sjølv at dei hadde gjort alt dei kunne, og sett godt over etterpå. Så då får vi håpe det går så bra som det kunne gå.

Under bordet står det ei raud korg full av kongler. 
Dei skal vi lage krans av etter at konglene har fått tørka skikkeleg. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar