fredag 6. desember 2013

Gullfisker

Torsdag 28.november kom det to nye elever inn i klassen min - to gullfisker! Etter avtale med foreldra fekk elevane lov til å bruke 30kr kvar på innkjøp av to fisker, ein plante og litt mat. Forslag til navn var: Blipp og Blopp (mitt forslag), Kjelli og Gulli, Siv og Merethe (Miriam sitt forslag), samt Magnus og Hans Olav. Dei siste namna vann, så no har vi to fisker oppkalt etter to deltakarar i Farmen. Har ikkje sett ein einaste episode, så eg veit IKKJE kva som er så gjevt med dei, - men namn har dei no fått. Og kjekt er det å sjå på desse to vesle skapningane som sviv rundt i bolla.  



Dette er Magnus. Han er minst og mest gul.

Og her er Hans Olav. Han er meir kvit under buken, og litt småfeit!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar