Søndag fekk me besøk av familien Straume. Eg spurde ungane dei om dei kunne tenkje seg å setje i saman bilbanen som har stått ubrukt på bedehuset i nokre år no, - for å sjå om den framleis verka. Det ville dei. Olav køyrde ned og henta den, og her er dei ivrig i gong med byggjinga.
Dessverre gjekk det ikkje så bra med køyringa. Den virka, men skinnene må nok pussast iltt med stålull for å få skikkeleg kontakt.
Miriam hadde baka NYYYDELEGE vaniljeboller til kaffimaten.
Dei var berre heilt fantastisk gode!! Du er flink Miriam!!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar