fredag 18. oktober 2013

Miriam til Askøy på fotballkamp 16.

I dag var det Miriam som skulle langt avgarde for å spele fotballkamp. Køyrde henne til Knarvik til kl. 17.30. Kl. 19.00 byrja kampen mot Ask på Askøy. Det vart tap denne gongen, 4-2. Urettferdig etter Miriam si vurdering, for det var dei som hadde hatt overtaket det meste av spelet. Men slik er det...

Eg fekk meg ein god prat med Ingunn på parkeringsplassen etter å ha sett ungane vel av garde. Innom senteret etterpå for å gjer eit par ærend, og brukte deretter tida på skulen til å gjer ferdig alle planane for neste veke. Miriam kom attende kl. 21.30. Då var det rett heim.

Det var litt krabbe att etter søndagen. Olav og eg rigga oss til på kjøkkenet og kosa oss med deileg kvelds etter at jentene var kome i seng.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar