fredag 18. oktober 2013

Båttur til Lonevågen - middag 13.

Godt å få liggje litt frampå i dag - for dei fleste av oss...
Vi sat i stova saman og såg på gudsteneste frå DELK.
 I dag var det hausttakkefest.

På veg ned til båten viste bilen 17 grader! Fantastisk!!

På veg ut fjorden. 

Miriam slapper av. 

Miriam prøver fiskelukka.
Vi prøvde å få litt agn til krabbeteinene - 
men det var ingen som ville bite på kroken.

Trioen syng....

 Middag i Lonevåg. Olav valde laks...

Miriam kyllingnuggets....

Maria kebab....

... og eg tok ein baconburger....

Is til dessert.


Olav liker seg godt i Lonevåg, for der har dei eige dessertbord med god utvalg.
 Her testar han ut sitronformasjen og appelsinformasjen. 

Fantastisk å være på sjøen i slikt flott haustvær.
Olav og eg fiska litt på tilbaketuren. 
Eg fekk fire små makrell.
Jentene tok seg ein blund imens. 
Vi fekk to svært store krabbar, og to mindre i dag.

Johanne kokte krabbane, så kosa me oss der etter at Olav var ferdig i fjøset. 
Jentene liker ikkje krabbe, - og heller ikkje lukta, 
- så dei gjekk opp i huset og kosa seg åleine der. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar