Skulecup med 7.klasse til Olsvik. Eg trudde først vi skulle til Olsvoll - som berre ligg eit lite stykke unna - men der tok eg feil. Vel, vel.. eg fekk heldigvis med meg rett stad før eg sat i bilen.Det vart ein kjekk tur for heile gjengen. Gutane vart litt skuffa over dundrande tap, men dei hadde ein flott innsats. På ein skule med 70-80 elevar på trinnet har dei litt meir å velga inn når dei skal ta ut eit lag på 7 spelarar + innbyttarar - enn vi har med våre 10 gutar av ulik kaliber. Synest dei var flinke til å stå på sjølv om resultatet var gitt ganske tidleg.
Jentene vant. 3-3 vart stillingen, så dei vann på corner. På veg attende stoppa eg på Hylkje for å kjøpa med litt snack for å feire både siger og god innsats. Eg hadde med meg to jenter i bilen, som fekk vera med inn og velja kva vi skulle kjøpa. Dei tykte det var så stas å få vera med meg å kjøpa godteri, så då det gjekk ei dame forbid oss, sa dei høgt og tydeleg: "Dette er mammaen min altså!!"
Slikt som varmer eit lærarhjarta!Miriam kom til Knarvik og var med Elida etter skulen. Ho fekk vera med dei på friidrett i dag på Hordvik. I utgangspunktet var ho ganske sliten etter hardtrening i gymen, men stod på likevel. Ho var ganske gele i beina då me henta henne seinare på kvelden.
Maria skulle på konf.undervisning - så vi køyrde til Åsane. Der var vi innom Fretex ein tur. Maria skulle ha hatt til eit "BadTaste" party. Etterpå vart det pizza og calzone på Ikea.
Slik ser det ut når Maria tek seg ein liten kvil på Ikea.
Og slik ser det ut når eg slapper av litt :)
Me var bortom Åsane senter òg ein tur.
Maria fekk ei fin bibelveske av meg.
Eg sat inne i menighetssalen og retta skuleoppgåver medan Maria var hos Jan Bygstad. Greit å få nytte tida til å få gjort unna litt arbeid. Fekk prata litt med han medan me gjekk bortover til bilen.
Var innom fam. Svendsen litt då me skulle henta Miriam. Ho sat midt i kveldsmaten. Alltid kjekt å slå av ein prat med Anne og Ørjan. Me var heime litt over ni, - og då var me godt trøytte alle saman.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar