Så var altså bedehuset solgt - til ein kunstnar i byen. Det vert spennande å sjå korleis det vert. Men før ho kan overta må alt ut som skal bort, - så i dag var KRIO (KRisten I Osterfjorden) kalla inn til dugnad. Olav var med. 3 piano har han vore med å flytta, og mykje anna.
Her er Oddvar Fyllingsnes - formann gjennom mange år. Han fann ei melodibok eg kunne få.
Her kjem Dag Haarklau opp med alt som var i safen. Det ver Oddvar si oppgåve å sjå gjennom kva som skal takast vare på og ikkje. Han fann eit gamalt telegram med ei helsing til ein jubilant.
Juletreet (i plast), biljardbord, spel, kokeplate og diverse anna på veg til Eknes bedehus.
God med alt som kan nyttast der.
Ja no er huset er seldt igjen, håpar folket er meir fornøgde med huseigarane denne gongen.
SvarSlett