lørdag 16. november 2013

STOR rydding og vask av Hobbyrommet!!


To dagar tok det å rydde og vaske hobbyrommet. Det såg rett og slett ikkje ut før eg starta. Skulle jo hatt både før og etter bileter, men eg gløyde å ta før eg starta. Vel, - her er iallfall slik det ser ut no når det er ferdig. Det store spørsmålet er kor lenge det vert sjåande slik ut??


Ryddig og fint!



I skrinet til høgre er det alt slags små dubeditter til kortlaginga. I boksen til venstre er alle perlene.

I skuffeskrinet til venstre er alle snorene. Og så er dei ulike skjæreplatene/ kuttarane her. 

Denne settekasse kjøpte eg i ungdomen. Kjekt å ha den i bruk enda. 
Og greit med krokar til å henge opp ting slik at dei er lett synlege. 

Denne leikekassen stod eigentleg under borde på førre bilete, - med berre 3 boksar i. Etter å ha leita hos farmor, på løa, i boden, vaskrommet og rundt om kring elles, så har eg klart å finne 10 boksar. 
Her er alle stempla sortert: Julestempel, blomster og blader, dyr osv. Og stempelputer i ein for seg sjølv. 

Dette stativet fekk eg rimeleg då dei avslutta den kristne bokhandelen på Frekhaug. 
Greit å ha alle gåvepapira på ein stad.

Den store arkhylla fekk eg òg kjøpt der. Endeleg har den kome i hus. Den har stått ute i fleire månadar, men no er den altså på plass. Jentene skal sjølv få sortere alle papira i den. No har eg berre stua inn... 

Den gamle kommoden frå IKEA er grei å ha. Mykje kom på plass att i den.

 Berre å vakse ovnen og rundt denne var storarbeid!

Endeleg har eg fått syplassen min att! Symaskinen har ikkje vore i bruk dei siste par åra, men etter å ha hatt den på service går den som ei klokke att! Og jentene har fått grei beskjed: DETTE ER MITT BORD!!

Hylla over fekk eg tak i på Fretex i Åsane. Kjekk sak :)


TOMMELEN OPP! No er eg fornøgd med meg sjølv!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar