torsdag 14. november 2013

Farsdagsfeiring

Maria og eg var på Kløvheim frå kl. 10.00 - 15.40. Maria øvde med korpset, og eg var på kjøkkenet og laga mat. Det var gryterett med salat og baguetter på menyen.

Miriam stod på kjøkkenet og prøvde seg på pannekakesteiking då me kom heim. Med litt for lite varme på panna gjekk det ikkje så bra. Det var mammo som måtte trå til og få dreis på sakene. Medan eg stod i pannekakeosen, kom farmor og onkel Asle.

Eg hadde kjøpt med meg kaker frå misjonsmessa i går, - tre ulike sortar på eit fat. Og så hadde eg kjøpt marsipankake. Og med varme pannekaker i tillegg så vart det ei lita feststund. Tina kom akkurat i tide til me skulle byrja å ete.



Det var så travelt heile dagen, at eg fekk ikkje tid til å finna fram farsdagsgåva før seint på kveld. Den hadde stått lagra hos Johanne. Eg gjekk ned og fekk drassa den med meg opp til huset. Pakka den ut og monterte den før eg henta Olav ut. 

Håper det vert ein ting som vert brukt, og ikkje berre ein ny "Kjekt å ha" ting som vert stua vekk. Førebels er det berre meldt regn, så dei første dagane vert nok ikkje så aktuelle.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar