Vi gjekk så lenge og venta på at Lady skulle få kvalpar. Vi las på internett, og fann ut at oppførselen hennar stemte med slik det skulle vera like før valping: åt lite og ingen ting mat, grov i bakken - for å lage rede. Var uroleg og klynkete. Ho var ikkje så stor, men vi rekna med at det kanskje var ein eller to valpar sidan ho hadde litt mage, og laga seg til med litt mjølk. På nettet las me òg at det kunne gå ei veke over tida dersom tispa hadde få kvalpar.
På dag 70 tok me henne til dyrlege. Då hadde ho nesten ikkje ete eller drukke på ei heil veke. Røntgen viste at det ikkje var kvalpar i henne, men at det var mogleg det var noko anna i livmora. Ultralyd bekrefta at det var veske i livmora. Dette måtte ut.
Dyrlegen anbefalte operasjon - til 10 000kr. Då sa mor i huset nei. Medisinering vil koma på bortimot 4 000, - men då med fare for at det kan koma att.
Me vart einige om at det fekk verta medisinering denne gongen - og håp om at ho etterpå vil halda seg frisk. Ho fekk 3 sprøyter av dyrlegen. Antibiotikakur og smertestillande måtte eg kjøpa på resept på apoteket. Deretter måtte me ta med Lady torsdag og fredag òg til dyrlegen for å få sprøyte. Eg fekk med 4 sprøyter heim som me måtte setje sjølv heime. Alt dette for at livmora skulle opne seg og sleppe ut det som var inni - deretter lukke seg att, og antibiotika for å hindre infeksjon.
Vel. No er prsessen snart slutt. Har berre eit par dagar att med antibiotika. Ho vart skrekkeleg kvalm etter sprøytene, men er ellers sprek og fin no. Får håpe det varer.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar