søndag 3. november 2013

Misjonsmessa 2012

Fann ei avisside frå 2012 - frå Misjonsmessa på Hundvin - med bilete av jentene. Kjekt å ta vare på....

...LØPAR FOR MISJONEN: - Det er meiningsfullt å bidra til misjonsarbeidet, seier Målfrid Lavik frå Meland. Løparane på veggen har ho laga i ein periode då helsa skranta.kranta.


Godt for helsa - godt for misjonen

Då Målfrid Lavik vart ramma av sjukdom, var symaskina og misjonen god medisin.
Publisert 14.11.2012 kl 10:48 Oppdatert 14.11.2012 kl 12:00 Nordhordland avis
Dei vakre løparane heng på veggen ovanfor Målfrid Lavik i ungdomshuset på Hundvin, på Misjonssambandet si julemesse.?Dei har Målfrid sydd i ein periode då ho skranta helsemessig.
– Eg klarte å setja meg ved symaskina. Opplevde at tida gjekk fortare når eg kunne vera litt i aktivitet. Eg gledde meg over å sjå det eg laga etter kvart som det tok form. Det var godt for psyken å ha noko å jobba med også når ein må halda seg i ro på grunn av helsa, seier Målfrid.
Misjonsmenneske
Målfrid Lavik har vore misjonsmenneske i mange år. – Det er stort å få bidra i misjonsarbeidet, seier 66-åringen frå Meland.
– Det er inspirerande å få vera med på noko som har betydning no, men også utover dette livet. Bibelen er tydeleg på at evangeliet skal forkynnast til alle folkeslag, og det er vi medansvarlege for. Det finst mange måtar å bidra på, mellom anna gjennom å samla inn pengar til dei som reiser til andre land med evangeliet, seier ho.
På bordet framfor henne ligg det labbar og andre varme strikkevarer som andre har laga. Målfrid synest aktiviteten i mange misjonsforeningar er i ferd med å ta seg litt opp igjen, både i Nordhordland og andre stader i landet.
Med stort tolmod – år etter år
– Det er mange rundt om i heimane og i misjonsforeningane som strikkar og syr mykje fint med tanke på årets misjons-messe. Ein del slit med å koma seg ut, men dei er like fullt engasjerte i misjonsarbeidet og strikkar med stort tolmod det eine leisteparet etter det andre. År etter år, seier misjonskvinna frå Meland.
Sjølv har ho ikkje planar om å leggja handarbeidet vekk. – Det er kjempegildt å vera med, eg gir meg ikkje så lenge helsa held, seier Målfrid Lavik.
Betyr svært mykje
– Utan misjonskvinnene hadde vi ikkje fått så mykje gjort. Kvinneforeningane har vore ryggrada i misjonsarbeidet, seier hovudstyreleiar Lars Gaute Jøssang i Misjonssambandet.
...
MYKJE: - Har sjeldan sett meir folk på misjonsmessa enn i år, seier Svenning Bjørke, 
som har forsynt seg med ho Magnhild si betasuppe.

...
MONGOLSK: - Desse mongolske tøflane er varme og gode, dei skal mor på 92 få, 
fortel Anne Marit Kvalem Seljelid (t.h.)


...
DELER ALT: Dei hadde god vinnarlukke på basaren under misjonsmessa. 
 VI har vunne alt i lag, og skal dela alt, fortel Eikanger-jentene 
Maria Myhr, Ingrid Nordanger og Miriam Myhr.

...
MAT OG BASAR: Dette er sosialt, seier Ingrid og Stian Raunehaug, saman med barna 
Olivia, Silas og Ruth Noelle på misjonsbaser. Her kosar dei seg i matsalen samtidig som 
dei følgjer med på årene dei har kjøpt på basar.


...
PRESANGER: Mange sikra seg varme presangar til jul.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar