søndag 3. november 2013

Miriam i avisa

Tek med ei avisside frå Nordhordland avis - frå ei av fotballtreningane til Miriam:


Seier nei til 

mobbe- app

LINDÅS: – Vi oppfordrar alle andre lag til å gjera det same.
Morten SæleE-post
  
Publisert 02.11.2013 kl 06:00 Oppdatert 02.11.2013 kl 06:00


...– Vi har jobba mykje med haldningar og klubbkultur, og vi ønsker å vera eit forbilde på korleis ein skal vera med kvarandre, seier Bjørn Brunborg, som er trenar for NBK jenter 2000. Han fortel at han ikkje kan hugsa ein einaste negativ episode på laget, og skryt uhemma av den haldninga jentene viser.
– Vi har hatt ein sesong med fantastisk gode haldningar. Vi har tapt ein del, men dette laget har halde humøret oppe og oppmuntra kvarandre sjølv om vi ligg under og endar med tap, seier Brunborg.

Kollektiv sletting

På samling onsdag tok dei eit oppgjer med den mykje omtala mobbe-appen ”ask.fm”, og heile laget gjekk saman om å sletta denne appen frå telefonane sine.
– Vi ville gjera noko som kan vera eit symbol på at dette finn vi oss ikkje i. Vi skal visa at vi har gode haldningar, og at vi tør å vera eit forbilde som står for noko, seier han.
Mange av jentene på laget kjenner til andre som har fått stygge kommentarar via appen.
– Det er ikkje bra. Vi har sett veldig mykje stygt. Ingen fortener å få slemme kommentarar, eg synest alle burde sletta denne appen, seier Helene Kjærland.
– Vi vil oppfordra lag og alle andre til å gjera det same, seier ho. Dei tre jentene Nh snakka med rosar samhaldet og miljøet i laget.

Kjeftar og kranglar

– Andre lag vi speler mot kjeftar og kranglar med kvarandre. Vi smiler og ler og oppmuntrar kvarandre. For oss handlar fotball om å ha det gøy, ikkje først og fremst om å vinna, seier Sofie Brunborg. Dei tre trur gode haldningar kan ha ein smitteeffekt på andre lag.
– Vi har fått ein del kommen-tarar frå andre lag som har lagt merke til den gode tonen vi har. Eg trur det får dei til å tenka seg om, og eg trur dei andre trenarane legg merke til det, seier ho.

Betre lag

Alle tre er einige om at det har ein positiv innverknad på prestasjonane.
– Eg tru at gode haldningar og positivt miljø gjer oss til eit betre lag. Mange ville kanskje ikkje spelt fotball om ein får kjeft heile tida, seier Tina Hellem.
– Vi kjem til å jobba vidare med dette inn mot neste sesong, seier Bjørn Brunborg.
– Om ein tar 25 hyggelege jenter saman på eit lag treng det ikkje gå godt av den grunn, vi må jobbe med haldningar heile tida.
– Vi skal framsnakka kvarandre, og møta kvarandre med respekt, både i laget, ovanfor motspelarar og dommar. Skal vi få det til, spør Brunborg, og får eit rungande ja frå jentene.
...
Ingen fortener å få sånne stygge kommentarar, seier jentene til Nh. No har alle på laget sletta mobil-appen ask.fm.

(Miriam står heilt bak - i midet - så vidt synleg!! - Men likevel med :) )



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar